Hopp til hovudinnhaldet

Montessoripedagogikk

Kvar pedagogikken kjem frå

Montessoris pedagogiske arbeid byrja ved opprettinga av den første Casa dei Bambini («Barna sitt hus»). Her vart barna nøye observert og pedagogikken utvikla seg gradvis. Etter den store suksessen med den første barnehagen/skulen opna Maria Montessori snart nye skular, og i dag finst det montessoriskular over heile verda.

Grunntanken er å ta barna på alvor. Barnet er eit individ som skal ha ei reell rolle i samfunnet. Barnet skal respekterast og lære seg å respektere verda rundt seg – ikkje berre andre menneske, men like viktig er det å respektere naturen og miljøet rundt seg.

Maria Montessori studerte barna sine utviklingsfasar og identifiserte ulike trinn i prosessen. Tempo og intensitet varierer frå barn til barn, men alle barn har periodar der dei er særleg absorberande og mottakelege for enkelte fag. Nettopp då skal innlæringa vere tilgjengeleg. Det betyr at undervisninga må vere lagt opp individuelt og vere mykje basert på barnet sitt eige initiativ. Læraren har ei rolle som rettleiar og inspirator i eit nøye strukturert og tilrettelagt klasserom/miljø. Barna arbeider i grupper eller enkeltvis, ved bord eller på golvet, avhengig av kva materiellet dei arbeider med krev. Eit variert materiell hjelper barna til konkret å forstå abstrakte omgrep.

Maria Montessori saman med barn
Maria Montessori blant barna i Casa dei Bambini.

Hovudprinsipp

  1. Sjølvstende

    «Hjelp meg å gjere det sjølv» er eit kjent sitat som viser at barna vert oppmuntra til å meistre oppgåver på eiga hand.

  2. Fridom under ansvar

    Barna vel sjølve aktivitetar og arbeider i sitt eige tempo, innanfor klare og trygge rammer.

  3. Spesielt materiell

    Læremidla er sanselege og gir umiddelbar tilbakemelding, slik at barnet oppdagar eigne feil.

  4. Rollefordeling

    Den vaksne er ein rettleiar som observerer og legg til rette, framfor å belære.

Trykk på eit bilete for fullvising og tekst

Organisering og praksis

  1. Aldersblanda grupper

    Barn i ulik alder er samla, noko som fremjar sosial læring og hjelp på tvers.

  2. Lange arbeidsøkter

    Vi set av god tid utan avbrot, slik at barna oppnår djup konsentrasjon.

  3. Heilskapleg syn

    Sosial, kjenslemessig og fysisk utvikling vert vektlagd like mykje som den intellektuelle.

Elevane i ein montessoriskule arbeider tverrfagleg og i lag på tvers av alder. Barna hjelper og lærer av kvarandre på ein naturleg måte, og den individuelle utviklinga står i fokus. Barna har ansvar for orden i materiellet og i miljøet dei høyrer til.

Læringa vert oftast ikkje delt opp i spesifikke fagtimar gjennom veka. Barna får fordjupe seg og konsentrere seg om eit område i lange bolkar om gongen. For å skape den indre disiplin som pregar barn i ein montessoriskule, ligg eit oppbygd og nøye førebudd arbeid frå læraren si side.

Trykk på eit bilete for fullvising og tekst

Slik brukar vi montessoripedagogikken

Vi arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp, og tilpassar metodar og organisering til vår skule og våre elevar. Vi har difor delt elevane inn i tre grupper: gruppe 1, der 1.–3. klasse er saman, og gruppe 2, der 4.–6. klasse er saman. 7. klasse førebur seg på overgangen til ungdomsskulen det siste året hjå oss, og er difor ei eiga eining.

Dei vaksne arbeider med stort engasjement, og gjer sitt beste for læring, utvikling og trivsel for alle elevane. Vi legg vekt på eit godt samarbeid med heimane, dette er viktig for at barnet skal ha det trygt og utvikle seg godt.

Vi er stolte av skulen vår, og tek gjerne imot besøk om nokon vil inn og sjå.

Trykk på eit bilete for fullvising og tekst