17. januar 2018
Kjekt med open kveld
Det vart fullt hus og ein triveleg kveld for store og små. Sidan skulen no har skifta namn til Vike Montessoriskule, var dette tema for kvelden. Vi starta i gymsalen med song av elevane og servering av kake og italiensk suppe. Etterpå var det vandring i klasseromma, der elevane presenterte montessorimateriell og viste litt om Maria Montessori. Stor stas for elevane at så mange kom for å sjå korleis vi har det her på skulen. Fleire bilete under innlogging foreldre.
